Nettbutikk
Min side
Du er logget inn som
husflid.no
17. feb 2022|
Tekst: Arild Larsen|
Siste nytt|
TREseminaret – eit arrangement for heile familien! No kan både liten og stor få vere med å lære om tradisjonshandverk.
Kurspris: Dagpakke kr. 250,-. Fredag – søndag kr. 500,- Moglegheit for å delta ein eller fleire dagar.
Tidspunkt og program: Fredag 29. april kl. 09.00 — 17.00: Arbeid med skjerande verktøy og ferske emne rett frå skogen
Laurdag 30. april kl. 09.00 — 17.00: Tredreiing, smiing, og meir skjerande verkty og emner frå skogen.
Søndag 1. mai kl. 09.00— 13.00: Karveskurd, kolrosing og måling, samt safari på «vaksen»-kursa.
Kursstad: Oppmøte ved gulbygget på Hjerleid.
Måltid: Deltakarane må ha med seg matpakke, men får servert saft, kjeks, og frukt kl.10.00 og 14.00 kvar dag. Søndag serverer vi blandagraut og spekemat kl.13.00. Ta med kopp.
Kursinnhald: Dei siste åra har vi invitert barn i grunnskulealder til Barnas TREseminar. Vi la barna få vere med å lære om tradisjonshandverk på eige kurs, der dei får dei prøve seg på tradisjonelt trehandverk, tredriing og smiing. Dei lærer om teknikkar, materialar og skjærande verktøy.
I tillegg til å lage eigne bruksgjenstandar, tek vi ei runde på dei andre kursa på Hjerleid for å sjå korleis dei vaksne jobbar med smiing, møbelsnekring, tørrmuring og mykje meir. Og så blir det sjølvsagt mykje leik og moro! Slik kan foreldre/besteforeldre med godt samvet gå på «vaksen-kurs» på TREseminaret, og ha barna med på Dovre. Kurset er opent for alle som er interesserte, og det er ingen føresetnad for påmelding at foreldre skal gå kurs. Passar for barn i skulealder.
Utstyr: Barna må vere kledde for å vere ute, og kan gjerne ha med eigen spikkekniv, men vi har også knivar og verktøy til utlån.
Kurslærar: Arild Larsen, husflidskonsulent i Hedmark.
Påmelding: https://www.treseminaret.no/barnastreseminar
Til butikken
Din handlekurv er tom.