Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
24. okt 2024|
Tekst: Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon|
Organisasjon|
Korleis skal vi imøtekome dei internasjonale forpliktingane våre og sikre folk moglegheita til å skaffe seg handverkskunnskap?
Med stadig aukande fokus på miljø, reparasjon, gjenbruk og berekraft, er det eit stort behov for folk som kan skape og reparere produkt på ein fagleg god måte. Handverksfaga er ein del av løysinga, ikkje eit utfordring som treng å «regulerast bort» av økonomiske omsyn.
Gjennom ratifiseringa av UNESCO sin konvensjon for levende kulturarv i 2007, har Noreg forplikta seg til å ivareta og styrke kulturarven vår. Korleis skal vi som nasjon og vi som aktørar på dette feltet oppfylle desse forpliktingane når utdanningstilbod på vidaregåande nivå som Handverk, design og produktutvikling (HDP) står i fare for å bli lagt ned? Vi må alle ta innover oss at HDP-linene er ikkje berre eit tilbod for dei som vil lære seg handverk – dei er avgjerande for at vi som nasjon kan halde ved like grunnleggande praktiske ferdigheiter og føre desse vidare til komande generasjonar.
HDP-tilbodet på vidaregåande nivå er fylkeskommunens ansvar. Dei må erkjenne at HDP-faga ikkje berre handlar om lokale behov, men at dei er ein sentral del av det norske samfunnet. Den norske kulturen og sivilisasjonen vår er faktisk heilt avhengig av handverkarar som kan bygge båtar, blåse glas, sy bunader for hand og reparere hus. Vi treng folk rundt oss som kan vise yngre generasjonar at ein kan gjere sjølv, og at ting kan fiksast I ei tid der handverkskunnskap blir stadig meir sjeldan, må vi vere proaktive. Å leggje ned linene, slik det nå blir foreslått, står i direkte konflikt med dette ansvaret.
Vi tek for gitt at det er dei låge søkjartala er hovudårsaka til nedleggingsforslaga, ikkje mangel på vilje. Vi må likevel spørje, er det verkeleg slik at interessa for desse faga er låg, eller er problemet like gjerne at elevane ikkje blir godt nok informerte om, kjent med, og motiverte for moglegheitene? Kan det vera klokt å sjå på rådgjevingstenesta? Kan det vera at mange unge ikkje kjenner godt nok til kva HDP-linene faktisk tilbyr, og får godt nok grunnlag til å vurdere handverksfag som ei realistisk og gjevande karrieremoglegheit? Kunne det vore ein veg å gå, for å styrke desse faga, at vi starta med å gje betre informasjon og motivasjon allereie frå ungdomsskulen, eller gjerne før?
Eit anna viktig spørsmål er korleis organiseringa av opplæringsløpet kan sikrast. Er det slik at HDP-linene ikkje er tilpassa dagens arbeidsmarknad og samfunnsbehov? Er utdanningstilbodet blitt for smalt eller for lite fleksibelt? Det kan vere naudsynt å sjå på nye modellar for organisering, der vi kan knyte utdanninga tettare opp mot næringslivet og sikre at handverkskompetansen som blir formidla er både aktuell og etterspurt. Kanskje treng vi eit tettare samarbeid med bransjar som kan dra nytte av fagkunnskapen desse elevane tileignar seg.
Det må sjåast på korleis utdanningstilboda våre er dimensjonert i samanheng med arbeidskraftbehovet framover i tid. Med stadig aukande fokus på miljø, reparasjon, gjenbruk og berekraft, er det eit stort behov for folk som kan skape og reparere produkt på ein fagleg god måte. Eit steg i denne retninga er forslaget frå Utdanningsdirektoratet om fagbrevet Tekstilreparatørfaget. Dette viser at det finst løysingar, men vi må satse breiare og opprette fleire tilpassa utdanningstilbod. Vi må vera varsame med å la økonomiske nedskjeringar vere den tyngste drivkrafta bak avgjerder om nedlegging. HDP-linjene utgjer heller ikkje dei største kostnadane. Handverksfaga er ein del av løysinga, ikkje eit utfordring som treng å «regulerast bort» av økonomiske omsyn.
Når vi ser framover, står vi overfor viktige val. Skal vi sjå oss blinde på søkjartal og budsjettreduksjonar, eller skal vi finne nye løysingar som sikrar at handverkskunnskap ikkje berre blir bevart, men og utvikla? Skal Norge møte ei utfordrande og usikker framtid utan grunnleggande handverkskunnskaper?
Lat oss ta ansvar for både fortida og framtida – ved å sikre at HDP-tilbodet både overlever, og utviklar seg – i alle fylker i landet.
Til butikken
Din handlekurv er tom.